Sjå fiskerikonferansen direkte

Korleis kan pukkellaksen bidra til å skape moglegheiter i Barentsregionen? Dette vil vere hovudtema på årets konferanse.

Published 22. september 2021

Den VI Norsk Russiske Pomor fiskerikonferansen starter 24. september, klokken 0900 (norsk tid).

Fredag 24. september går den russisk-norske pomor fiskerikonferansen av stabelen for sjette gong i pomorhovudstadane Arkhangelsk og Vardø.

På konferansen vil russiske og norske fiskarar, forskarar, bønder og fangstmenn møtast virtuelt for å forelese om -og diskutere havressursar i nord. I år vil konferansen rette eit særskilt fokus mot pukkellaksen som no har etablert reproduserande bestandar i fleire elver i Barentsregionen. Føredrag frå både russiske og norske aktørar vil ta opp utfordringar og erfaringar med pukkellaks, jamvel som å framheve fisken sitt potensiale som regional ressurs.

Leiar i Norsk Pomorakademi Remi Strand peikar på viktigheita av å samarbeide på tvers av grensa for å ta vare på dei små fiskerisamfunna:

– Pomorkulturen er ikkje berre noko som kan opplevast på museum, men den er her no. Denne kulturen har forma fiskerisamfunn på tvers av grenser langs Barentskysten gjennom hundrevis av år. Samarbeid på dette feltet er dermed ei sjølvfølge.

I år òg gjer pandemien det vanskeleg for norske og russiske aktørar å møtast. Norsk Pomorakademi inviterer derfor til videodeltaking i auditoriet på Vardø vidaregåande skule klokka 09.00. Dei russiske framlegga vert tolka simultant til norsk.

Er du ikkje i Vardø eller Arkhangelsk denne dagen kan du likevel følgje konferansen på YouTube. Link vil bli delt på Barentssekretariatet si Facebook-side.

Pukkellaksen er ein framand art i Noreg. Kan han òg bli ein ressurs? Foto: Ksenia Novikova

Skrevet av Matias Vangsnes Bjørgo