På grensa til grenselaus gjestfridom

Matias Vangsnes Bjørgo trudde at Kirkenes kom til å bety mykje einsemd for ein rufsete historiestudent. Det gjekk ikkje lange stunda før han innsåg at Kirkenesopphaldet kom til å være alt anna enn keisamt.

Published 04. oktober 2021

I slutten av august forlét eg studenttilværet i Oslo for å arbeida som praktikant i Barentssekretariatet i Kirkenes. Utan å tidlegare ha satt mine bein i Finnmark har regionen allereie i fleire år vore gjenstand for fascinasjon.

På universitetet i Oslo har eg studert russisk og historie, medan fritida mi har vore sentrert rundt kultur, musikk og friluftsliv. Med denne kombinasjonen av interessefelt har Aust-Finnmark manifestert seg i meg som ein metropol der kontakt med Russland, arktisk natur og grensesprengande kultur kulminerer.

Før eg sat meg på flyet såg eg det dermed som naudsynt å ta visse grep. Eg måtte skalere ned mine eigne forventningar.

Eitt grep var å førebu meg sjølv på vere nøgd i eige selskap. Kor godt eigentleg kan ein litt rufsete historiestudent forvente å bli tatt i mot av eit lite samfunn, tenkte eg, og pakka bøker, gitar jamvel som eg la planar om å nytte meir tid på matlaging. For å seie det kort; det har gått mykje i omelett.

Frå første dag har eg blitt møtt av menneskjer som har invitert meg med på turar og konsertar, som villig har delt koordinatar for kor eg kan finne bær og som vidare har sett meg i kontakt med andre. I ei slik mottaking ligg det ikkje berre ei evne i å by på seg sjølv, men òg ei interesse for det som er annleis.  

Trass i at det kanskje vart slik, er ikkje dette meint som ei rein hylling av gjestfridommen i Kirkenes. Som vertande historikar og praktikant i Barentssekretariatet gjer dette rom for refleksjon rundt kvifor kontakt over grensa alltid har vore og framleis er viktig i Aust-Finnmark.

Ein visjon med Barentssamarbeidet er å byggje ned fordommar ved at menneskjer møtast på tvers av grenser og dermed får oppleve korleis ein i botnen er ganske like. Denne visjonen er derimot godt hjelpen av eit multikulturelt samfunn som òg evnar å sjå verdien i det som er annleis. Elles i landet vert grensa til Russland ofte portrettert som eit skilje. Her lærer ein fort at ei grense tyder mange ting. Deriblant at det er ein ressurs.     

Matias Vangsnes Bjørgo

Konsert i ein gammal tysk bunker, var ei av opplevingane til Matias den fyrste veka.